TRESTUBBEN AS
Vasshus i Suldal, 4230 Sand
Telefon: 52799980 Telefax: 52799818
|
Teknisk informasjon om produkta våre, kjøkkeninnreiing og møbel.
Trestubben produserer møbel og kjøkkeninnreiingar som er tufta på gamle handverkstradisjonar. Me tek i bruk utforming (design), materialval og handverkskunst frå gamle dagar. Eit gammalt møbel kan vitne om ein dyktig handverkar. Ein kan sjå korleis sjela er lagd ned i arbeidet. Det fortel også ein del om levesettet til dei som levde på den tida. Stilartene varierer frå stad til stad. Fellestrekka er mange, og me liker å finne og bruke dei beste. På denne bakgrunnen utviklar me nye generasjonsmøbel, med gammal og ny utforming til praktiske og stilfulle møbel. Møbel og kjøkken frå Trestubben gir ein koseleg og traust atmosfære. Råstoffet er for det meste heiltre furu med friske, små lyse kvistar. Bjørk er ein ny tresort som me også skal nytta. Dimensjonar : 40 mm
blir brukt til: 25 mm blir
brukt til: 20 mm
blir brukt til: 15 mm
blir brukt til:
Alle detaljar blir grundig finpussa først. Overflatebehandling : Som regel blir mesteparten syreluta i ei gyllen farge og olja inn med kaldpressa linfrøolje. Her er det viktig å lufte godt i skåpa etterpå for å unngå at oljelukta set seg. Kundane kan velja farge i måla antikk, på frontar og synlege flater + syrelut og olje som ovanfor. Me leverer trekvite varer for dei som vil beise med grønsåpe eller olje dei sjølve. Måling og lasering kan også vera aktuelt. Når det gjeld montering av kjøkkeninnreiingar, har me eigen montør. Ole Terje tek med seg kjøkkenet på lastebilen. Får han litt hjelp til innberinga, bruker det å gå fint å montere eit kjøkken på ein dag. Som vedlikehald tilrår me kraftig grønsåpevask når det trengst (bruk rikeleg med vatn, inga skrubbeskuring). Blir overflata tørr, ta eit oljestrøk, ein gong i året eller når det trengst. |